Oppdaterte laboratoriepakkar i HP Link

15.04.2026 oppdaterte Helse Midt-Norge alle Noklus-pakkane som ligg i HP Link. 

 Laboratoriepakker i HP Link 2026
Laboratoriepakker i HP Link 2026
Marie Nora Roald
27.04.2026 14:27:51

Denne endringa er tilpassa Noklus sin oppdaterte versjon av laboratoriepakkeoversikta «Anbefalte analysar for vanlege problemstillingar i primærhelsetenesta» som blei lansert 27.03.2026.

 

Vi har også oppretta eigne pakkar, etter ønske frå legekontor, og i samråd med relevante fagmiljø:

  • MGUS, kontroll
  • Myeloproliferativ neoplasi, utredning
  • ADHD, utredning – vaksen
  • LAR-behandling, årskontroll

Endringane i labpakkane har skjedd automatisk, så du treng ikkje å gjere noko.  

 

Sjå her for plakat som viser alle tilgjengelege pakkar og innhald. Plakaten vert sendt alle våre brukarar, og kan også bestillast frå våre kunderådgivarar. 

 

Det finst også detaljert informasjon om kvar enkelt pakke direkte i HP Link.

Rettleiing for dette finn du her. 

 

Meir informasjon om oppdatert versjon av laboratoriepakkeoversikta finst på Noklus' sine nettsider: